Hasundgot reiser til Skodje i sin nest siste bortekamp i år.
Hausten har gitt nokså låg poengfangst for Hasundgot, der fem av sju kampar har endt i tap. Den statistikken må forbetrast i kveld, når Hasundgot tek turen til Skodje.
Då laga møttest i vår vart det ein jamn og tett kamp, der Hasundgot fekk med seg alle poenga i ei dramatisk avslutning på kampen og vann 2-1. Skodje trudde dei hadde utlikna heilt på tampen, men assistentdommar Birger Breivik vinka med flagget for å markere offside og scoringa vart annullert.
Kveldens motstandarar frå «Skøye» har berre vunne to gonger på ti kampar sidan vi møtte dei i vår, så dette er to lag som den siste tida har slitt med å sanke inn poeng i ein elles tøff divisjon.
Begge lag har utfordringar med å score mål, og begge har eit scoringssnitt på vel 1,5 mål per kamp. Når ein då i tillegg slepp inn om lag 2,5 mål i snitt per kamp vert det vanskeleg å vinne fotballkampar.
Dette er derfor ein kamp som betyr svært mykje for begge lag. Hasundgot vil gjerne auke gapet ned til laga i botnen, medan Skodje vil kome seg vekk frå nest sisteplass.
Avhengig av korleis det går i 3.-divisjon, kan potensielt 3-4 lag rykke ned frå 5.-divisjon. Det betyr at alle poeng betyr svært mykje i kampen om å holde seg i divisjonen.
Vi håper gutane finn tilbake vårforma, og tek med seg tre svært kjærkomne poeng heim til Dimnøya!
Siste fem kampar
Hasundgot:
- Hasundgot – Aksla 1-3
- Herd II – Hasundgot 0-1
- Hasundgot – Volda II 2-0
- Vigra – Hasundgot 10-3
- Hasundgot – Sykkylven 2-5
Skodje
- Stranda – Skodje 3-0
- Skodje – Godøy 2-3
- Skodje – Ellingsøy 5-0
- Aksla – Skodje 2-2
- Skodje – Herd2 4-4
Førebels tabell
Kampdetaljar
5.-divisjon, runde 19
Skodje – Hasundgot
Skodje kunstgras
Dommar: Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven
Avspark: torsdag 03.10, kl. 18.30
Tropp
Desse er førebels uttekne i kamptroppa:
Joakim Rødven, Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa, Håvard Vik, Thomas Gjerde, Mats Bigset, Loke Mork, Stian Pedersen, Nicolai Molvær, Nicolai Vik, Kristoffer Flø, Sondre Lunde, Elias Rooney, Jørgen Kleiven, Isak Sundgot, Ruben Muren