Hasundgot spelte lenge jamt med serietoaren, men måtte gi tapt til slutt.
Tysdag kveld vart årets aller siste seriekamp for damelaget spelt, der serietoar Guard kom på besøk til Hasundgot stadion.
Då laga møttest i vår vart det ein tøff kveld på Nørvebana der Guard tok ein kontrollert 10-2-siger. På heimebane var det derimot ein langt jamnare kamp.
Sjølv om det var gjestene som verka farlegast framfor målet i opninga, var Hasundgot brukbart med første halvdelen av omgangen.
Rundt halvtimen kom derimot baklengsmålet, etter at Guard smatt gjennom. Kaptein Astrid Breivik forsøkte heroisk å klarere ballen på streken, men ballen fauk i stolpen og inn i mål.
Utlikninga kom heldigvis ganske kjapt. Ballen spratt Hasundgot sin veg, og med ein lekker lobb plasserte Kristin Marø enkelt inn 1-1 for heimelaget.
Resultatet stod seg til pause, noko Hasundgot absolutt kan vere nøgde med.
Hasundgot verka å vere meir på «hugget» etter pausen, og kunne med litt tur ha teke leiinga. Dessverre var det bortelaget og Helene Sandø som tok første stikk etter kvilen. Guard-spelaren sende laget sitt på nytt i leiinga like før timen var passert.
Dryge ti minutt seinare utlikna Hasundgot nok ein gong, etter at eit skot frå Matilde Fjørtoft sneik seg inn i nærmaste hjørne.
Hasundgot hadde både stolpeskot og 2-3 verkeleg store sjansar i den 2. omgangne, men då Guard putta tre kjappe mål i løpet av fem minutt gjekk mykje av lufta ut av heimelaget.
Hege Dahl auka til både 6-2 og 7-2 dei siste minutta, som også sikra sigeren for Guard. Dessverre for Ålesund-laget spelte det inga rolle – Folkestad/Volda 2 tok med seg eitt poeng frå Emblem og tok derfor sigeren i årets 7ar-serie.
Med det runda Hasundgot av sesongen med ein heiderleg innsats mot ein svært tøff motstandar.
Trenar Joakim Rødven nytta høvet i garderoben etter kampen til å takke av som trenar for damelaget, og roste spelarane for ein god innsats gjennom året med mykje stå-på-vilje. Spesielt kjekt var det at laget fekk med seg ein siger i førre kamp mot Ørsta.
Kampfakta
Kvinner, 7ar
Hasundgot – Guard 2-7 (1-1)
Hasundgot stadion
Ca. 15 tilskodarar
Dommar: Kristian Sundal
MÅL HIL: Kristin Marø, Matilde Fjørtoft
Laget: Karoline Breivik – Astrid Breivik, Gry Antonsen – Martine Holstad, Marita Myrvågnes, Mari Hatløy – Kristin Marø
Innbytarar: Angel Nguyen, Matilde Fjørtoft, Aurora Bratli