Klubbkveld fredag 1. november

Velkomen til klubbkveld på klubbhuset.

Fredag 1. november frå klokka 18-20 vil det verte ny klubbkveld på Hasundgot.

Dette er eit arrangement for alle 3-7. klassingar ved Hasund skule.

– Vi skal pynte litt til Halloween denne kvelden så det er fint om du kler deg ut, seier arrangørane i økonominemnda i Hasundgot.

På klubbkvelden vil det også verte seld diverse kioskvarer som t.d. Popcorn/potetgull, Brus, Snacks, Sjokoladekake/Brownies og Fruktbeger.

Inngangsbilletten kostar 20 kroner.

Velkomen!

Helsing,
Økonominemnda
Hasundgot IL