4. desember 2021

Perlescoring sikra sigeren mot Ellingsøy

Hasundgot stonga og stonga – så fekk Nicolai Haddal Molvær nok.

Med éin kamp igjen å spele denne sesongen var det berre eitt fokus som stod i hovuda til Hasundgot; med siger kunne gutane snike seg forbi Aksla og ta 5.-plassen i comebacksesongen i 5. divisjon.

Men skulle det skje, måtte Hasundgot ta tre poeng – og samtidig håpe på hjelp frå Vigra, som tok imot Ålesund-laget på Rota stadion.

På Hasundgot stadion var det ei relativt jamn opning, der mykje av spele gjekk føre seg rundt midten. Kampens første store sjanse kom i det 12. minuttet, då Hasundgot fekk eit frispark ute på venstrekanten.

Cato Veien tok ansvar og slo ein god ball midt framfor mål. Keeper Mathias Tomren Farstad hadde tilsynelatande grei kontroll på skotet, men med litt duskregn i lufta vart ballen akkurat litt for sleip.

Ballen smatt ut av hendene, og assistentdommar Per Inia Brekke vinka med flagget for å markere at ballen hadde gått over målstreken. 1-0!

Ellingsøy klarte ikkje å skape så altfor mykje framover, samtidig som at Hasundgot mangla den avgjerande presisjonen i siste tredjedelen på banen. Det heile ebba derfor ut i ei eittmålsleiing til pause.

Vikebladet Vestposten: – Vi er altfor ineffektive

I garderoben hadde bortelaget truleg bestemt seg for å gi 110 prosent i den andre omgangen, for det var eit langt meir trykk frå gjestene i starten av omgangen. Og presset skulle gi utteljing.

Etter dryge fem minutt vart ein Ellingsøy-spelar felt inne i Hasundgots målfelt, og dommar Viktor Rongve peika bestemt på straffemerket.

Adrian Løvlid tok ansvar og sette ballen kontant forbi Hasundgot-keeper Joakim Rødven, som gjekk rett veg men ikkje klarte å nå langt nok ut i sida til å avverje.

Hasundgot måtte derfor jage ei leiing på nytt, men den avgjerande scoringa sat langt inne. Veldig langt inne.

Både to, tre og fire gonger hadde Hasundgot-angriparane enorme sjansar til å setje inn 2-1, men alle gongene gjekk ballen anten like til side for mål eller midt på keeper. Innbytar Håvard Vik hadde også eit godt frisparkforsøk, men denne gongen fekk keeper avverja.

Då er det godt å ha toppscorar Nicolai Haddal Molvær på banen. Med eit presis høgrebein skrudde midtbanespelaren ballen inn heilt oppe i det lengste hjørne. Nydeleg scoring!

Det var eit verdig punktum i årets sesong, for fleire scoringar vart det ikkje. Samtidig som Vigra knuste Aksla 7-1, tok Hasundgot eitt steg opp og sikra seg 5.-plassen. Ikkje så gale det for eit nyopprykka lag.

No vert det nokre litt rolegare veker framover, i tillegg til at spelarane skal avslutte sesongen med ei hyggeleg samling i neste veke. Der skal det mellom anna kårast årets spelar og årets nykomar, i tillegg til at toppscararprisen skal delast ut.

Med det vil vi takke både spelarar, trenarapparat og tilskodarar for ein innhaldsrik sesong, som har bydd på både store opp- og nedturar.

Kampfakta

5. divisjon, runde 22
Hasundgot – Ellingsøy 2-1 (1-0)
Hasundgot stadion
Dommar: Viktor Lillebø Rongve – SIF/Hessa
MÅL: 1-0 Cato Veien (12), 1-1 Adrian Hjelmeland Løvlid (51), 2-1 Nicolai Haddal Molvær (75)
GULT: Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, HIL, Mathias Myklebust, EIL

Laget (3-5-2): Joakim Rødven – Nedim Mujic, Thomas Gjerde, Simon Spjutøy – Jonas Overå, Stian Pedersen, Nicolai Molvær, Håvard Fiskaa, Elias Rooney – Cato Veien, Mats Bigset

Innbytarar: Marius Muren, Loke Mork, James Sjåstad, Sander Gjerde, Sander Ringstad, Nicolai Vik, Håvard Vik

Laget til Hasundgot
SISTE KAMP: Siste førebuingar før kampen mot Ellingsøy. FOTO: Erik Heimdal/Vikebladet Vestposten