17. april 2021

Sesongstatistikk og oppdatert adelskalender

Kampar og scora mål for herrelaget etter 2019-sesongen er teld opp.

Statistikk er alltid gøy! Redaksjonen har den siste veka stupt ned i statistikknotatane og teke ein grundig gjennomgang av spelte kampar og scora mål denne sesongen.

Før sesongen hadde 349 spelarar representert Hasundgot. No er dette talet oppe i 364, som betyr at heile 15 nye spelarar har fått kampar for a-laget denne sesongen.

Det var ingen «store» endringar etter årets sesong, men nokre høgdepunkt har vi klart å dra ut:

  • Mats Bigset trugar topp fem med sine 253 kampar, og ligg berre 13 kampar bak Trygve Sundgot på 5. plass.
  • Ruben Muren og Joakim Rødven nærmar seg 200 kampar, med høvesvis 190 og 183 kampar.
  • Sebastian Kleven, som gjekk til Larsnes/Gursken i sommar, er éin kamp unna å nå 100 kampar.
  • Før Sebastian byta klubb, klarte han å skyte seg inn blant topp 10 mestscorande spelarar med sine 50 mål.
  • Etter ein solid sesong har Nicolai Molvær skote seg inn blant topp 25 mestscorande, med 23 mål på 80 kampar.

Heile adelskalenderen ligg her: ADELSKALENDER FOR HASUNDGOT IL – 2019

Topp fem – kampar

  1. Rasmus Sundgot – 409 kampar
  2. Bjørn Erling Clementsen – 374 kampar
  3. Lars Breivik – 339 kampar
  4. Jostein Sundgot – 300 kampar
  5. Trygve Sundgot – 266 kampar

Topp fem – mål

  1. Øyvind Sundgot – 111 mål
  2. Ståle Gjerde – 109 mål
  3. Ottar Andre Breivik – 84 mål
  4. Georg Eikrem Olsen – 82 mål
  5. Per Arne Hasund – 73 mål

Sesongoppsummering 2019

I alt 37 spelarar har vore i aksjon for herrelaget denne sesongen. Av desse er det 11 spelarar som har spelt meir enn to tredelar (20/30) av kampane.

Berre to spelarar var med på alle kampane; Joakim Rødven og Nicolai Haddal Molvær. Sisteskansen Rødven var den einaste som starta alle 30 kampane.

Molvær var lagets soleklare toppscorar, som scora 12 mål fordelt på både treningskampar, OBOS-cupkampar og seriekampar. På ein delt andreplass bak Molvær fekk Sebastian Moldskred Kleven, Stian Pedersen og Cato Veien fem mål kvar.

Komplett oversikt over spelarar som har vore i aksjon denne sesongen:

Spelar Kampar starta Innbyte Mål Gule kort Raude kort Kampar totalt
Ivar Aadland 0 1 0 1 0 1
Mats Bigset 2 12 0 0 0 14
Svein Eirik Ertesvåg 1 5 0 0 0 6
Håvard Fiskaa (ny) 21 3 0 1 0 24
Kristoffer Flø 2 10 0 0 0 12
Sander Gjerde 2 4 2 0 0 6
Thomas Gjerde 16 2 2 3 0 18
Joakim Gustavsen 2 2 0 0 0 4
Daniel Hatløy 0 1 0 0 0 1
Odd Hofset Hatløy (ny) 0 1 0 0 0 1
Jørgen Kleiven 17 1 2 4 0 18
Sebastian Moldskred Kleven 17 1 5 6 1 18
Sondre Aleyandro Lunde (ny) 2 4 0 0 0 6
Johannes Meinseth (ny) 10 0 1 0 0 10
Nicolai Molvær 29 1 12 0 0 30
Nedim Mujic (ny) 25 0 0 0 0 25
Daniel Muren 7 8 4 0 0 15
Marius Muren 25 2 0 2 0 27
Ruben Muren 9 7 3 2 0 16
Jonas Overå (ny) 1 3 0 0 0 4
Stian Pedersen (ny) 25 0 5 6 1 25
Elias Rooney 14 13 4 1 0 27
Sander Ringstad (ny) 1 10 1 1 0 11
Joakim Rødven 30 0 0 0 0 30
Niklas Schmidt (ny) 3 8 0 0 0 11
James Kenneth Sjåstad (ny) 2 10 2 2 1 12
Joakim Skarbø 0 1 0 0 0 1
Ole Kristian Sæther Skoge 0 1 0 0 0 1
Håvard Hjorthaug Strand (ny) 4 2 1 0 0 6
Simon Spjutøy 27 1 0 3 1 28
Isak Sundgot 0 4 1 0 0 4
Kristian Sundal (ny) 0 2 0 0 0 2
Cato Veien 13 8 5 1 0 21
Nicolai Vik (ny) 17 6 3 0 0 23
Håvard Vik (ny) 8 13 2 0 0 21
Martin Ødegård 1 3 0 0 0 4
Loke Mork (ny) 0 6 0 0 0 6