Svært viktig siger på bortebane

Ein pangstart på 2. omgang sikra tre poeng på Skodje kgb.

Både Skodje og Hasundgot har slitt med å finne forma i haust. Det var derfor eit svært viktig oppgjer for begg lag då Hasundgot gjesta Skodje kgb.

Hasundgot fekk halde mest i ballen innleiingsvis, men utan å skape så altfo mykje. I staden kom heimelaget seg meir inn i kampen og truga i bakro ved eit par høve; utan utteljing.

Men rundt halvtimen spelt skulle det rakne. Håkon Opsal klarte å drage med seg ballen inn frå venstrekanten, fekk tid til å skyte og skrudde ballen inn i lengste hjørne.

Då fekk Hasundgot den vekkaren dei trong. Etter å ha skrudd opp tempoet siste kvarteret vart Elias Rooney spelt flott gjennom i midten.

Spissen blei meid over ende i boksa, og dommar Tor Ove Myrseth tildelte Hasundgot eit klokkeklart straffespark.

Toppscorar Nicolai Molvær tok ansvar, sende keeper feil veg og satte kontrollert inn 1-1 for Hasundgot like før sidebytet.

I pausen gjorde trenarane Per og Øystein nokre taktiske grep – og det gav umiddelbar effekt.

Berre fire minutt etter pausen sendte Nicolai Vik Hasundgot i leiinga etter å ha plasserte sikkert inn eit innlegg frå venstre.

Men det var berre starten på 10 elleville minutt.

I løpet av halvanna minutt sette Elias Rooney inn to scoringar etter svært godt soloarbeid.

Så i løpet av 15 minutt, fem minutt føe pause og ti minutt etter pause, gjekk Hasundgot frå 0-1 til 4-1.

Kampens femte Hasundgot-scoring var signert Isak Sundgot, som fekk si aler første scoring på seniornivå etter beinbrotet i fjor haust. Utruleg kjekt på vegne av ungguten!

Om lag ti minutt før full tid fekk Skodje moglegheita til å pynte litt på resultatet då ei uheldig forsvarsinvolvering i eige boks førte til eit straffespark til heimelaget.

TV2-profil Eirik Nesset Hjelvik tok ansvar, men keeper Joakim Rødven reda forsøk nummer éin. Returen spratt dessverre, for Hasundgot, rett i tilbake i beina til Hjelvik søm enkelt kunne setje ballen i det opne målet.

Det vart derimot ikkje noko meir enn ei trøystescoring. Hasundgot tok derfor med seg tre svært viktige poeng, og er så å seie berre éin siger unna å vere ganske så sikre på å fornye kontrakt i neste års 5.-divisjon.

Kampfakta

5. divisjon, runde 19

Skodje – Hasundgot 2-5 (1-1)

Skodje KGB

Ca 15 tilskodarar

Dommar: Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven

Mål: 1-0 Håkon Opsal (32), 1-1 Nicolai Molvær (str, 43), 1-2 Nicolai Vik (49), 1-3 Elias Rooney (53), 1-4 Rooney (55), 1-5 Isak Sundgot (70), 2-5 Eirik Nesset Gjelvik (80)

Laget (4-3-1-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Nicolai Vik, Stian Pedersen, Nicolai Molvær – Rube Muren – Elias Rooney, Jørgen Kleiven

Innbytarar: Mats Bigset, Loke Mork, Sander Ringstad, Kristoffer Flø, Thomas Gjerde, Isak Sundgot