4. mars 2021

Uavgjort mot Stranda – berga plassen

Eitt poeng i siste bortekamp sikra vidare spel i 5.-divisjon neste sesong.

Det er svært jamt rundt midten av årets 5.-divisjon, noko som betydde at torsdagens kamp mellom tabellnaboane Hasundgot og Stranda betydde veldig mykje for begge lag.

Framleis er ingenting avgjort med tanke på nedrykk, der alt frå 2-4 lag kan rykkje ned.

Medan Hasundgot ville vere 100 prosent sikra med minimum eitt poeng, er det berre matematisk mogleg at Stranda kan rykkje ned. Men då må Stranda tape mot Hovdebygda, samtidig som at Volda 2 vinn med mange mål mot Herd 2.

Eitt poeng ville derfor vere nok for begge lag, og det påverka nok kampen. For høgdepunkta let vente på seg.

Hasundgot fekk ein pangstart på kampen, og før minuttet var spelt dribla Nicolai Haddal Molvær seg fri og plasserte kontrollert inn 1-0 i det lengste hjørnet.

Utover i den første omgangen hadde Hasundgot to store sjansar til å doble leiinga, men det vart med den eine scoringa før pause.

Vertane på Stranda stadion hadde lært av Hasundgot, og før to minutt av den andre omgangen var spelt kom blåtrøyene seg fri på høgresida. Ballen vart spelt «45 grader ut» til Joakim Fivelstad, som enkelt kunne setje inn 1-1.

Og det var eigentleg det, sjansemessig.

Kampen ebba ut i eit uavgjortresultat, i ein kamp tilskodarane truleg hadde gitt terningkast 1 eller 2.

Alt i alt var det derfor ein nokså lite underhaldande kamp, men vi tek likevel med oss eit viktig bortepoeng som også gjer at vi kan kalle oss eit 5.-divisjonslag også i 2020.

Forhåpentlegvis vert det ein meir underhaldande kamp neste torsdag, når sesongen vert avslutta med heimekamp mot tabelljumbo Ellingsøy.

Kampfakta

5. divisjon, herrer
Stranda – Hasundgot 1-1 (0-1)
Stranda stadion
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy
MÅL: 0-1 Nicolai Molvær (1), 1-1 Joakim Fivelstad (47)

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Sander Ringstad, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær, Håvard Vik – Elias Rooney, Cato Veien

Innbytarar: Mats Bigset, Loke Mork, Kristoffer Flø, Ruben Muren, James Sjåstad, Håvard Strand