Herrelaget hadde si årlege sesongavslutning denne helga, der det også var spelarkåringar.
Éi av kåringane var allereie klart frå før av; Nicolai Haddal Molvær var Hasundgot sin soleklare toppscorar denne sesongen med 12 mål i alle kampar.
På ein delt andreplass, med fem mål kvar, finn vi Sebastian Moldskred Kleven, Stian Pedersen og Cato Veien.
Med dette til grunn var det dermed ingen spørsmål om kven som kom til å bli årets spelar. Nesten 80 prosent av stemmene gjekk til Molvær, som med det fekk sin andre pokal denne kvelden laurdagskvelden.
Les også: Sesongstatistikk for herrelaget 2019
Elles på topp tre i årets spelar-kåring var kaptein Joakim Rødven og ein delt tredjeplass mellom unggutane Håvard Fiskaa og Stian Pedersen.
Pedesen skulle derimot ikke gå tomhendt heim frå prisutdelinga, for i kategorien Årets nykomar tok han ein solid siger med godt over halvparten av stemmene.
Fiskaa tok andreplassen, medan forsvarskollega Nedim Mujic sikra seg den siste pallplassen.
Med det vil vi gratulere Nicolai og Stian med kåringane sine, og laget elles med ein solid sesong i 2019!