Endeleg vert det ny klubbkveld for Hasundgot sine medlemer.
Klubbkvelden vert, naturlegvis, på klubbhuset måndag 18. november frå klokka 17.00 – 19.00.
Materialforvaltar Kjetil Sundal vil vere til stades både litt før og litt etter, i tilfelle nokon har behov for å skyve litt på tida.
Sundal kan også love nokre nyhende til denne klubbkvelden:
– Eg har utvida kolleksjonen med ei svart boblejakke med raude detaljar. Både høveleg for damer og herrer. I tillegg har vi to typer luer og ei pique-skjorte. seier materialforvaltaren.
Forutan desse nyhendene vil ein også kunne kjøpe utstyr som er på lager på klubbhuset.
Vel møtt!