Ny suksess med klubbkveld

Ein kjekk kveld på klubbhuset for borna på Hasund skule.

Fredag 1. november var det ny klubbkveld for barneskuleborna på Hasund skule, frå 3-7. klasse.

I alt var det om lag 55 born til stades på kvelden, som denne gongen hadde eit Halloween-tema.

Også denne gongen vart klubbkvelden ein stor suksess, ifølgje arrangørane i økonominemnda i Hasundgot.

– Dette vart ein vellykka kveld! Nesten alle var utkledde, så det var veldig kjekt, skriv nemnda til Hasundgot-redaksjonen.

I løpet av kvelden vart det disko med musikkønske frå borna sjølve, og det vart også sal av både kaker, brus, popcorn og Halloween-snacks.

Dette vart årets siste klubbkveld, men økonominemnda lovar at ei ny slik samling vert arrangert ein gong før vinterferien i februar neste år.