Sal av bambussokkar vart ein stor suksess. No køyrer vi ei runde til!
Denne gongen er det ikkje pålagt å selje, men økonominemnda håper likevel at mange ynskjer å kjøpe eit par eller to.
Bestilling og betaling skjer gjennom Vipps, der ein vel «kjøp og betal» i menyen. Der kan ein søke opp Hasundgot Klubbhus (nr.12274), og frå produktlista kan ein velje «sokker» (sjå visning under).
NB! Når du kjem til handlekurven er det påkrevd å leggje att kundeinformasjon med namn og telefonnummer for at vi skal kunne kontakte deg.
Sokkane blir utlevert frå 8.november.