17. mai 2021

Fekk støtte til tribune og granulatfangar

Hasundgot fekk flott gåve frå Sparebanken Møre.

Måndag var Hødd-legenden André Nevstad, no finalsiell rådgjevar i Sparebanken Møre, på besøk på Hasundgot klubbhus for å snakke om mål og verdiar.

I same gjeremål overrekte også Nevstad ein sjekk på kroner 40.000,- som skal gå til bygging av ny tribune på Hasundgot stadion og granulatfangar rundt anlegget.

Leiar i Hasundgot IL, Eirik Lorentzen, fekk ta imot sjekken på vegne av idrettslaget.

Vi takkar vår hovudsponsor for ei svært fin julegåve, som vil kome godt til nytte for både klubben og medlemene våre.