Slik blir neste sesong i 5. divisjon

Desse laga skal herrelaget møte neste år.

Med sine 32 poeng på 22 kampar sikra Hasundgot seg ein solid 5. plass i comebacksesongen i 5. divisjon.

Berre Vigra gjorde det betre enn Hasundgot av dei nyopprykka laga, og laget frå Giske sneik seg forbi på ein 4. plass med fem poeng meir.

Elles i divisjonen vart det nervepirrande både i toppen og i botnen heilt inn.

Medan Langevåg og Hovdebygda sikra opprykket i siste serierunde, måtte Volda 2 vente til etter Volda 1 hadde spelt kvalifieringskamp mot KBK 2 før dei kunne slappe av.

Volda 1 rykka opp til 3. divisjon, som samstundes betydde at Volda 2 fekk halde fram i 5. divisjon også i år 2020.

Det betyr at følgjande lag vil utfylle 5. divisjon komande sesong:

  • Aksla
  • Blindheim (ned frå 4. div)
  • FK Sykkylven
  • Giske (opp frå 6. div)
  • Godøy
  • Hasundgot
  • Spjelkavik 2 (opp frå 6. div)
  • Stranda
  • Vanylven (opp frå 6. div)
  • Vigra
  • Volda 2
  • Ørsta (ned frå 4. div)