Vi søkjer etter ny hovudtrenar for damelaget til neste sesong.
Hasundgot sitt damelag er på jakt etter ein ny ressursperson til å leie laget i trening og kamp i 2020.
Damelaget stilte til dyst i 7ar-serie i den nyleg avslutta sesongen, noko som også vert tilfelle komande sesong.
Det er derfor ein solid gjeng med ivrige fotballspelarar som treng ein trenar. Stamma i laget er sett saman av både unge og rutinerte spelarar.
Laget fekk etablert ei god treningsgruppe i løpet av 2019, etter at laget hadde vore inaktiv dei to føregåande sesongane.
Dersom dette kan vere av interesse, ta kontakt med leiar i fotballstyret, Martin Løset, per e-post til fotball@hasundgot.no.