Onsdag 22. januar var det terminlistemøte for lag i 4. og 5. divisjon.
På dette møtet deltok alle lagleiarar og trenarar for klubbane i dei to øvste kretsseriane i Sunnmøre fotballkrets.
I løpet av møtet vart gjort nokre endringar i tre av Hasundgot sine kampar.
Kampane mot Sykkylven (7. mai) og Stranda (1. oktober) har fått nytt tidspunkt for avspark, der tidspunktet er endra 18.30 til 19.00.
Det vert også endring i oppgjeret mot Ørsta. Denne kampen vert flytta frå torsdag 25. juni til fredag 26. juni. Avspark vil framleis vere klokka 18.30 på Hasundgot stadion.
Heile terminlista finn du på Fotballforbundet si heimeside.