Tysdag spelte gutelaget første kvalikkamp mot Aksla.
For å få god kamptrening før årets sesong, er G16 med i kvalifisering til 1. divisjon i vinter. Den første av totalt fire kampar vart spelt i går, tysdag, då Aksla kom på besøk til hasundgot stadion.
Gjestene frå Ålesund var farleg frampå ved fleire høve, men eit hardtarbeidande Hasundgot/Haddal heldt lenge god stand på eige kunstgras.
Etter at laga gjekk mållause til pause, kom dessverre eit baklengsmål tidleg i den andre omgangen.
Sjølv om det var gode sjansar for begge lag utover den 2. omgangen, vart det ikkje fleire mål i denne kampen. Hasundgot/Haddal gjekk derfor på eit knipent tap i opningskampen.
Neste kamp for gutane vert mot Hareid i Sparebanken Møre Arena (Sunnmørshallen) laurdag 25. januar.
Andre resultat denne runden
- Hareid – Giske GIGO 1-2