G16: Spelar kvalifisering til 1. divisjon

Tysdag startar kvalifiseringa til 1. divisjon i 16-årsklassen.

Der er Hasundgot/Haddal sitt gutelag innrullert i avdeling 1, og skal kjempe om éin av potensielt to plassar i årets 1. divisjon.

Det skal i alt vere 10 lag i årets 1. divisjon, der fire lag allereie er førehandskvalifiserte frå 2019. Dei resterande seks plassane skal fastsetjast gjennom kvalifiseringsspel i vinter.

I Hasundgot/Haddal si avdeling møter vi Aksla, Giske GIGO, Guard og Hareid.

Første kamp blir spelt på Hasundgot stadion tysdag 21. januar, medan kampen mot naborival Hareid kjem laurdag 25. januar. Den kampen vert spelt i Sparebanken Møre Arena.

I runde fire, som vert spelt før runde tre, møter vi Guard på Nørvebana tysdag 4. februar, før kvalifiseringa vert runda av mot Giske i Sparebanken Møre Arena laurdag 8. februar.

Gruppevinnaren frå alle dei fire avdelingane går direkte vidare til 1. divisjon, medan dei to siste plassane går til dei to beste 2.-plassane i kvalifiseringa.

Vi ynskjer Hasundgot/Haddal lukke til!