Grasrotandelen: takk for alle bidrag!

Hasundgot IL takkar alle som har ført opp idrettslaget som grasrotmottakar.

Sidan 2009 har Hasundgot IL vore mottakarar av grasrotandel frå Norsk Tipping. For kalenderåret 2019 mottok vi heile 96.544,30 kroner.

Dette er den høgaste summen vi nokon gong har fått, og om lag 4.000,- meir enn året før (som då var eit nytt rekordår for oss).

Hasundgot IL ynskjer derfor å takke alle dei 241 spelarane som har ført oss opp som mottakar av grasrotandelen!

Dersom du ynskjer å leggje oss til som grasrotmottakar, kan du gjere dette på Norsk Tipping si heimeside eller via mobilappen din.

Kva er grasrotandelen?

Grasrotandelen vart lansert 1. mars 2009. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi 7 prosent av speleinnsatsen direkte til eit lag eller ei foreining.

Ved spel på Multix, Instaspill og Oddsen er Grasrotandelen 14 prosent av speleinnsatsen etter fråtrekk for gevinstar.

Grasrotandelen gjeld for alle spelarar til Norsk Tipping, bortsett frå fysiske Flax-lodd og Belago.

Grasrotandel tidlegare år

Periode Antall spelarar Generert beløp
2020 241 307,26 (hittil)
2019 241 96 544,30
2018 237 92 533,55
2017 211 64 163,44
2016 202 57 094,66
2015 191 63 115,22
2014 178 53 410,82
2013 178 58 214,75
2012 177 51 284,08
2011 162 44 058,34
2010 148 41 252,30
2009 121 32 253,68