Fristar og nyttig informasjon om påmelding av lag til årets sesong.
Vi er inne i kalenderåret 2020, som betyr at det berre er dryge 3-4 månadar igjen til årets sesong startar.
Fotballkretsen har no opna opp for påmelding av lag. Fristar for påmelding er:
- Lag frå 13 år og og eldre: 25. januar 2020
- Lag til og med 12 år (pluss senior 7ar): 25. februar
Du kan finne meir informasjon om aktuelle serietilbod på Sunnmøre fotballkrets si heimeside.
Slik melder du på lag
Som alltid skal lag meldast på av klubbens FIKS-ansvarleg. For å kunne melde på lag, ber vi om at kontaktskjemaet under vert fylt ut eller at du sender oss ei melding på Facebook.