17. juni 2021

Rekrutteringsdommarkurs i februar

Har du lyst til å bli fotballdommar? Bli med på dommarkurs 5-9. februar!

Sunnmøre fotballkrets inviterer til rekrutteringsdommerkurs, som i denne omgangen vert arrangert på klubbhuset til Spjelkavik IL.

Kurset vert arrangert over tre dagar:

  • onsdag 5. februar kl. 18.00-21.00
  • laurdag 8. februar 11.00-14.00
  • søndag 9. februar 11.00 til 14.00

Kurset er heilt gratis å delta på. Deltakarane bør vere fylt 14 år og det er ingen krav til tidlegare dommarkurs.

Kretsen opplyser om at kvinnelege deltakarar er særskild ønskt velkomne.

Påmelding

Påmelding gjer du via Min Idrett eller gjennom formstackskjema. Ved påmelding via Formstack, vert du beden om å oppgi at det gjeld rekrutteringsdommarkurs hos Spjelavik IL.

Påmeldingsfrist er fredag 31. januar.

For meir informasjon kan du ta kontakt med Jonas Pedersen i Sunnmøre fotballkrets.