Samarbeider om keeperakademi

Hødd og Hasundgot inngår samarbeid om keeperakademi.

Hødd og Hasundgot inngår eit samarbeid og startar opp keeperakademi for aldersgruppa 13-16 år.

Martin Løset i Hasundgot IL vil ha hovudansvaret for keeperakademiet, koordinere aktiviteten og planlegge innhaldet i treningsøktene.

Med seg på øktene vil Løset ha med seg fleire instruktørar. Første trening vil bli arrangert allereie førskomande laurdag kl. 12.00 i Ulsmohallen.

Treningane i vinter vil gå i Ulsmohallen kvar laurdag kl. 12.00 og resten av året vil treningane bli fordelt på Hasundgot, Haddal og Hødd.

Dersom dette er noko for deg, kan du melde deg på via Spond.

Vi ser fram til eit godt samarbeid med IL Hødd om å utvikle framtidas keeperar!