17. april 2021

Speleplan for herrelaget er klart

Herrelaget opnar årets sesong på med tøff bortekamp.

Tidlegare denne veka vart speleplanen for 5. divisjon i 2020 offentleggjort av fotballkretsen.

Årets serie skal avviklast på følgjande måte:

  • Kampdag torsdag kl. 18.30
  • Første serierunde i veke 16 (torsdag 16. april)
  • Siste runde før sommarferien i veke 26 (torsdag 25. juni)
  • Første runde etter sommarferien i veke 33 (torsdag 13. august)
  • Siste runde i veke 43 (torsdag 22. oktober)

Første seriekamp vert på bortebane mot Vigra, der Hasundgot gjekk på eit forsmedeleg 10-3-tap i fjor. Første heimekamp kjem i runda etter (23. april), mot Askla.

Det vert ingen 16. mai-kamp i år, men to dagar før reiser Hasundgot til Eidsåvoll for å bryne seg på nyopprykka Vanylven FK.

Vårsesongen vert runda av på Hasundgot stadion, der Ørsta med trenar Vegard Heltne kjem på besøk.

Når vi kjem til 13. august er det klart for returoppgjer mot Vigra, denne gongen på Hasundgot stadion. Siste seriekamp vert spelt mot Ørsta på Aurstad Arena 22. oktober.

På fotballforbundet si heimeside kan du finne heile kampoppsettet for 2020-sesongen.