17. juni 2021

To Hasundgot-lag på Søre Cup

I helga er det klart for Søre Cup, også kjent som «Odden-cup».

Der er det påmeldt to Hasundgot-lag; eitt hovudsakleg med seniorar og eitt hovudsakleg med juniorar.

I gruppespelet skal Hasundgot SR møte Bergsøy 2, Gjerdsvika 2, Moltu 2 og Vanylven 2.

Hasundgot JR skal møte Gjerdsvika 1, Hareid Jr og Hødd Jr 1 i si gruppe.

Dei siste åra har Hasundgot gjort det brukbart i Søre Cup, med bronse i fjor og sølv i 2017. Kanskje 2020 er året det vert gull?

Du kan følgje Hasundgot sine resultat i turneringa med liveoppdatering på MyLivescore!