Vil du lage nyheiter om Hasundgot IL?

Vi ønskjer å styrke redaksjonen vår.

Dei siste par åra har vi sett ei veldig positiv utvikling i aktivitet på heimesida vår. No ønskjer vi å styrke Hasundgot-redaksjonen med ein eller fleire bidragsytarar.

Oppgåver vil i hovudsak vere å produsere nyheitsstoff som til dømes kampreferat (alle årsklasser), lage bildeseriar, lage førehandsstoff til seniorlaga sine kampar og intervjue trenarar/spelarar.

Mykje av arbeidet vil vere produksjon av tekstartiklar, men vi ynskjer gjerne ei auka satsing på produksjon av nyheiter med bildeseriar, videosnuttar eller podcast.

Mengd på produksjonen vert avtalt med idrettslaget sin heimesideansvarleg.

Arbeidet er frivillig/uløna, men eventuell kostnad knytt til reise kan Hasundgot IL dekke etter avtale. 

Dette er derfor ei god moglegheit for talentfulle journalistspirar til å få erfaring frå eit spanande felt.

Kan dette vere noko for deg? Ta kontakt med heimesideansvarleg per e-post til redaksjon@hasundgot.no eller send oss ei melding på Facebook!