Onsdag tek Hasundgot imot Hareid til årets første test 11-mot-11.
Kampen vert spelt på Hasundgot stadion, med avspark onsdag 26. februar klokka 18.30.
Hareid har allereie sparka i gang treningskampane sine i år med eit knipent 2-1-tap mot Bergsøy, som var nære å rykke opp til 3. divisjon i fjor.
Gjestene frå Hareid har derfor allereie ein kamp i beina, medan Hasundgot verkeleg får bryna seg mot ein motstandar som akkurat klarte å berge plassen i 4. divisjon i fjor.
Oppgjera mellom Hasundgot og Hareid, sjølv om det stort sett har vore Hareid 2 dei siste åra, vert alltid spanande – så dette blir ein fin måte å starte treningskampane på for Hasundgot sin del.
Delta på kampen sitt Facebook-arrangement!
Vel møtt til kamp onsdag klokka 18.30!