14. april 2021

Kleven kjem tilbake til Hasundgot

Hasundgot hentar heim Sebastian Moldskred Kleven frå Larsnes/Gursken.

Det er fantastiske flotte nyheiter å stadfeste at midtbanespelaren Sebastian Moldskred Kleven har vald å returnere til moderklubben.

I fjor sommar vart Sebastian klar for 4. divisjonsklubben Larsnes/Gursken, der han i løpet av hausten fekk seks kampar og scora to mål.

No har 21-åringen, som blei kåra til årets Hasundgot-spelar i 2018, vald å re-signere for Hasundgot. Han kan sjå fram mot å spele sin 100. kamp i Hasundgot-trøya neste gong han er i aksjon for herrelaget.

Vi ønsker «Seb» hjarteleg velkomen tilbake til Hasundgot!