Klokk klar for Hasundgot

Damelaget forsterkar laget framom sesongen.

Årets første signering for Hasundgot sitt damelag er i boks!

Tidlegare denne veka vart det nemleg klart at tidlegare Hødd-spelar Ingvild Klokk skal spele for oss komande sesong.

35-åringen starta å trene med Hasundgot allereie i fjor haust, men rakk ikkje å melde overgang før overgangsvindauget stengde i midten av september.

No har den allsidige spelaren gledelegvis vald å melde overgang til oss.

Vi ønsker Ingvild velkomen til Hasundgot!