Nicolai Vik klar for Bergsøy

Hasundgot-spelar Nicolai Vik tek steget opp i 4. divisjon.

Etter å ha trena med Bergsøy dei siste vekene, er det no klart at Nicolai Vik er klar for Herøy-laget.

Nicolai, som også spelte éin sesong for Hasundgot i 2015, kom til Hasundgot frå Hødd framom 2019-sesongen.

I løpet av fjorårets sesong vart det i alt 23 kampar, 17 av dei frå start. I løpet av desse kampane scora han tre mål – og serverte nokre i tillegg.

Sjølv om det er leit at Nicolai forlét klubben, synest Hasundgot det er kjekt at vi har spelarar som er attraktive for klubbar høgare oppe i seriesystemet. Det lovar godt for spelarutviklinga vi driv i klubben.

Vi ynskjer Nicolai og Bergsøy lukke til i årets sesong!