1. august 2021

Ny nettbutikk hos Macronstore

Slik bestiller du treningsutstyr på nett frå vår utstyrsleverandør Macron.

Sidan 2018-sesongen har Hasundgot hatt Macron Norge som utstyrsleverandør. Den siste tida har dei jobba med å få nye nettsider.

Dette har medført at den gamle nettbutikken har vorte erstatta og byta ut med ein ny portal.

Nettadressa til den nye nettbutikken er hasundgot.macronstore.no. For å automatisk få klubbprisar i nettbutikken, må du inn på denne lenka og opprette brukar der. Opprettar du konto frå hovudportalen må du få tilsendt rabattkode for å få Hasundgot-pris.

Når du bestiller, har du tre leveringsval:

  • Servicepakke
  • Hentes
  • Levert på døra

Dersom du ønsker fraktfri levering til vår materialforvaltar, vel du «hentes». Du kan også få utstyret ditt levert rett på døra, men då vil det kome fraktkostnadar i tillegg som du må dekke sjølv.

Har du spørsmål til utstyr eller ønsker å reklamere på kjøpt utstyr, kan du ta kontakt med materialforvaltar i Hasundgot.