Sandssokningen Preben Sætre vert sportsleg leiar og damelagstrenar.
Det ei stor glede å kunne stadfeste at Hødd-spelar Preben Sætre er klar for ei rolle i klubben.
Hasundgot har vore på jakt etter ny sportsleg leiar og damelagstrenar den siste tida, og det er desse rollene Preben skal fylle komande sesong.
Preben skal kombinere rollene sine i Hasundgot med å vere spelar for Hødd sitt a-lag.
30-åringen har nyleg fullført studiar i Sports Management ved Høgskulen i Molde. Dette var derfor ein god match for begge partar å inngå samarbeid.
Av arbeidsoppgåver, utanom å vere hovudtrenar for damelaget, skal Preben vere ein støtte spelar for trenarane i Hasundgot IL.
Dette inneber mellom anna å gi faglege tips og råd til trenarane i klubben, leggje til rette for hospitering i aldersbestemte lag og vedlikehalde klubbens sportslege styringsdokument.
Vi ynskjer Preben velkomen til Hasundgot – og ynskjer han lykke til med oppgåvene som venter!