Duoen Per Gustavsen og Øystein Muren held fram som trenarar på herrelaget.
Trenarane vart engasjerte framom 2018-sesongen, og sidan har det berre gått éin veg for herrelaget.
På første forsøk vart det opprykk til 5.-divisjon, etter mykje dramatikk i innspurten på sesongen. Dette følgde Hasundgot opp med å sikre seg ein respektabel 5. plass i fjor.
Les statistikk og oppsummering av 2019-sesongen!
No gjer altså duoen seg klare for ein tredje sesong som trenarar for herrelaget.
Førebels har det ikkje vore nokon nye signeringar i vinter, men Hasundgot har eit par spelarar i kikerten som er aktuelle for ein overgong.
I tillegg er det nokre spelarar i junioralder som har vist seg frå ei positiv side på treningane i starten av sesongoppkøyringa.
Tidlegare i vinter vart det klart at Hasundgot serieopnar borte mot Vigra. Det er ein kamp Hasundgot har mykje å revansjere frå fjoråret. Den gongen vart det braktap 10-3 – og det må rettast opp i april.