To debutantar i årets første kamp

Herrelaget møtte god motstand første treningskamp i år.

Det er lenge sidan a-laga til høvesvis Hasundgot og Hareid har møttest, men onsdag kveld møttest laga til dyst på Hasundgot stadion.

Sjølv om det var snøkantar tett inntil sidelinja, vart både dommarane og spelarane samde om å ha ei pragmatisk tilnærming til situasjonen – spel til fløyta går.

Om det var speleforholda eller kampforma som spelte inn er jammen ikkje lett å seie, men det tok litt tid før spaninga skulle kome.

Begge lag sleit med å få spelet til i sitje i opninga, og det vart ein del balltap begge vegar. Men når laga først kom seg i angrep, var det farleg både for heimelaget og bortelaget.

Men tilskodarane måtte vente heilt til dryge fem minutt før pause før første scoring skulle kome.

Vikebladet Vestposten: Tydeleg divisjonsforskjell mellom Hareid og Hasundgot

Eit innlegg frå gjestene si venstreside fann vegen til Nauris Driksna som fekk setje ballen kontrollert i mål.

Paulseresultatet stod seg til 1-0, men like etter sidebytet skulle scoring nummer to kome. Eit gjennomspel vart spelt tilbake «femogførti grader», der Håvard Øverlid snappa opp returen og sette inn 2-0 til dei raudkledde.

Deretter kom både 3-0, 4-0 og 5-0 utover i den andre omgangen. Hasundgot-spelar Elias Skeide Rooney var nære å redusere for Hasundgot, men ballen smalt i stolpen og ut til femmeterspark.

Vikebladet Vestposten: – Det er ei kanonsignering

Det vart derfor eit klart tap til slutt, men det er absolutt ingen grunn til å deppe over eit slikt resultat. Trass alt var dette første speløkt på stor bane i år, i tillegg mot ein motstandar frå divisjonen over oss.

Forutan ein OK 1. omgang, tek vi også med oss det positive med to debutantar i denne kampen. Juniorspelar John Arne Apelseth fekk sine første minutt for a-laget, medan Khaled Khaliqi også fekk prøve seg i Hasundgot-drakt for første gong.

Dessverre vart det også skadar i kampen; etter eit fantastisk returløp var Sander Ringstad uheldig i eit taklingsforsøk, som resulterte i ein skikkeleg trøkk i venstre skulder. Vi håper på snarleg retur, Sander!

Kampfakta

Treningskamp

Hasundgot – Hareid 0-5 (0-1)
Hasundgot Stadion
Ca 50 tilskodarar og ein sjukebil
MÅL: 0-1 Nauris Driksna (41), 0-2 Håvard Øvrelid (48), 0-3 sjølvmål (57), 0-4 Joar Møller (63), 0-5 Fredrik Andresen (82)
Dommar: Dagfinn Berg Tjervåg, Hasundgot IL (Elling Våge og Kristian Sundal ass. dommarar)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Simon Spjutøy, Sander Gjerde, Daniel Skeide – Håvard Strand, Sander Ringstad, Nicolai Molvær, Håvard Vik – James Sjåstad, Elias Rooney

Innbytarar: Jonas Overå, Jon Arne Apelseth, Cato Veien, Khaled Khaliqi

Hareid (4-2-3-1): Rikard Osnes – Nauris Driksna, Markus Hareide, Joachim Moldskred, Henrik Holstad – Tarje Riise (K), Andreas Nesset – Kim-André Alvestad, Nathaniel Brekke, Christian Breivik – Håvard Øvrelid

Innbytarar: Lars Roar Holstad, Håkon Thormodsæter, Fredrik Andresen