6. mars 2021

Vert keepertrenar på kretslag G15

Hasundgot-keeper skal trene keeperane på Sunnmøre sitt kretslag G15 denne sesongen.

For årets sesong skal Jesper Törnqvist og Sebastian Nilsen (begge Hødd) ha ansvaret for Sunnmøre sitt kretslag for gutar 15 år. Med seg i teamet vert også Hasundgot-keeper Joakim Rødven med.

27-åringen har nyleg fullført NFF Keepertrenar B-lisens, og ser fram til å skaffe seg nyttig erfaring som keepertrenar for unge og lovande keepertalent på Sunnmøre.

Sisteskansen har hittil fått 183 kampar for Hasundgot og har frå tidlegare trenarerfaring frå Hødd G16-2, Hasundgot G19 og Hasundgot damelag.

Vi ynskjer Joakim lykke til i vervet på kretslaget!