14. april 2021

Fair play-samling i Ørsta

Sunnmøre fotballkrets inviterer til Fair play-samling tysdag 24. mars i Ørstahallen.

Dette er ei samling som både klubbleiarar, Fair Play-ansvarlege, dommaransvarlege og andre ressurspersonar i klubben vert oppmoda til å delta på.

Det er Sunnmøre fotballkrets som arrangerer denne samlinga, som vert arrangert i Ørstahallen tysdag 24. mars mellom klokka 18.00 – 20.00.

Påmelding

Det er sett ein påmeldingsfrist torsdag 19. mars. Her finn du påmeldingsskjema til Fair Play-samlinga.

Fotballkretsen ønsker alle deltakarar hjarteleg velkomne.

Program

Kl. 18.00:      Sunnmøre Fotballkrets ønsker velkommen
Kl. 18.05:      Ørsta IL om sitt arbeid og utfordringer rundt Fair play
Kl. 18.35:      Vold og trusler i fotballen v/Geir Arne Nordby
Kl. 19.05:      Kaffepause
Kl. 19.15:       Gruppearbeid – caser
Kl. 19.45:      Gjennomgang av gruppearbeid