Hasundgot stadion stengt for all aktivitet

På grunn av smittevernstiltak er anlegget stengt for all type aktivitet.

Etter dialog med kommuneoverlegen i Ulstein kommune, har gitt instruks om at Hasundgot stadion vert stengt for all aktivitet inntil vidare.

Dette er på lik linje med andre kommunale anlegg, som t.d. Ulstein Arena og Ulsteinhallen.

Frå før er det sett inn tiltak om at all organisert aktivitet i Hasundgot IL stoppa for å redusere smittefaren av COVID-19.

Det er derfor ein streng beskjed til alle medlemmer, og ikkje-medlemmer, om at aktivitet på anlegget ikkje er tillatt inntil ny beskjed vert gitt av Ulstein kommune eller Hasundgot IL.

Som alternativ har sportsleg leiar i Hasundgot kome med nokre tips til korleis ein kan halde seg i aktivitet i denne utfordrande tida.

Vi håper at situasjonen endrar seg til det positive så snart som råd, slik at fotballaktiviteten kan ta seg opp att.