Korleis driv du eigentrening?

Koronaviruset har ført til stenging av treningsanlegg, deriblant Hasundot stadion.

Men eigentrening kan også gjerast på mange andre kreative måtar. Mellom anna har #Stayathomechallenge teke av på sosiale medium (sjå video lenger nede).

Vi er nysgjerrige på korleis DU nyttar denne utfordrande tida til å halde både fotballforma og kondisjonen ved like.

LES MEIR: Hasundgot stengd for all aktivitet

Ønsker du å dele dette med både oss og resten av Hasundgot-familien? Send oss gjerne bilete eller video på e-post til redaksjon@hasundgot.no eller send oss ei chatmelding på Facebook.

God eigentrening vidare! 🙂

Stay at home challenge

 

«Kjellen» si Stay at home challenge