I eit forsøk på å førebygge vald og trugslar i fotball, har NFF lansert ein varslingskanal.
Hausten 2019 starta Noregs Fotballforbund (NFF) å kartlegge omfang av vald og trugslar i fotballen.
Undersøkinga viste at i 2019 vart det registrert 100 sakar i løpet av 91 kampar. Av desse var det 74 valdssaker og 26 trugselsakar.
– Vårt viktigaste bidrag mot vald er at vi lykkast med å lage gode idrettsklubbar der alle opplever ei trygg ramme for aktivitet, og at verdiar som respekt og fair play er ein naturleg del av fotballen, seier generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt.
Dersom du har vore i kontakt med vald eller trugslar i fotballen, anten direkte eller indirekte, ønsker fotballforbundet å høyre frå deg.
Det gjer du ved å varsle fotballforbundet om vald eller trugslar på NFF si heimeside.
I skjemaet kan du sjølv bestemme om du ønsker å vere anonym eller ikkje.