Bli med på vår digitale dugnad og bidra til ein god treningskvardag.
Vi håper alle støttespelarar der ute; blodfans, medlemmer, støttemedlemmer, familie og kjente som har eit hjerte i klubben kan hjelpe laget.
Istadenfor loddsalg på døra, håper vi at du vil støtte vår digitale dugnad i Spleis.
I tillegg til di støtte har Hasundgot IL moglegheit til å vinne kr 10.000,- fra Sparebank 1 Søre Sunnmøre dersom spleisen dreg inn kr 3.000,- eller meir innan 30.april.
Idrettslaget sine frivillige trenarar har mange ønsker om nytt utstyr for å legge tilrette for ein ganske så annleis treningskvardag i desse tider.
Døme på utstyr som kan kjøpast inn er:
- Ein ny rebounder (slik at både unge og gamle kan trene på pasningar/ avslutningar åleine)
- Fotballtennisnett (som er ein kjempeflott aktivitet og som også overheld krav om avstand)
- Koordinasjonsutstyr (t.d. portar, stolpar, stigar og liknande som kan brukast individuelt og kollektivt)
- Plastfigurar (som ein kan bruke som «mur» eller hindring i eigentrening)
Ditt bidrag vil vere svært viktig i å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøet!
Med helsing,
Økonominemnda
Hasundgot IL