17. mai 2021

Stadion opna for aktivitet igjen!

Kommunen har opna for aktivitet i mindre grupper på Hasundgot stadion.

Sidan 20. mars har Hasundgot stadion vore stengd for å redusere smittefare av koronavirus.

Noregs fotballforbund og Helsedirektoratet har dei siste dagane vore i dialog for å få klare retningsliner på kva som er greitt og kva som ikkje er greitt, har ein no landa på at utandørs fotballanlegg vert opna for aktivitet igjen.

Etter å ha fått stadfesting frå kommuneoverlegen i Ulstein, er det derfor med stor glede at formidle at anlegget no er opna for aktivitet igjen!

Likevel er det viktig å presisere at dette førebels er snakk om aktivitet i mindre grupper, der det vert heldt avstand mellom kvarandre.

Grupper med barn og unge skal vere saman med ein vaksen person som ser til at retningslinene vert følgd.

Er det fleire grupper på anlegget samtidig, skal ikkje gruppene blande seg med kvarandre.

Retningsliner

Ein føresetnad for å kunne ta opp att aktiviteten på Hasundgot stadion, er at Folkehelseinstituttet sine retningsliner for hoste- og handhygiene vert følgd.

Ulstein kommune har laga følgjande retningsliner for aktivitet i det offentlege rom, som t.d. parkar, utandørs idrettsanlegg og ballbingar:

  • Fleire enn 5 personar skal ikkje vere saman i ei gruppe
  • Dette gjeld for aktivitet og opphald i parkar, på turstiar, i ballbingar og på utandørs idrettsanlegg
  • Alle må sørge for å ha 2 meters avstand til andre menneske
  • Følg elles Folkehelseinstituttet sine retningslinjer i høve hoste- og handhygiene

Vi vil på det aller sterkaste oppmode våre medlemmer til å følgje desse råda, ettersom kampen mot korona er ein kamp alle må bidra i.

God trening!