Start på trenarutdanninga di heimeifrå.
Fotballaktiviteten har stoppa kraftig opp etter utbrotet av koronavirus på verdsbasis. I den samanhengen ønsker Noregs Fotballforbund å tilby Grasrottrenarkurset gratis så lenge det er stopp i organisert fotballaktivitet.
Grasrottrenarkurset er første steg på trenarutdanninga, og er delt inn i fire delkurs som tek føre seg ulike alderstrinn.
Det er ikkje eit krav at du tek delkursa i stigande rekkefølgje, men det kan vere ein fordelt for å få ein raud tråd gjennom heile kurset.
Kursa startar opp 16. april. Er du interessert i å delta?
Her finn du informasjon om kurs, gjennomføring og påmelding.