Kjøp lodd og du kan vinne flotte premiar!
Det tradijonelle dør-til-dør-salet av lodd vert ikkje gjennomført i år. Men fortvil ikkje! Du kan framleis kjøpe lodd digitalt 🙂
17. mai nærmar seg og no har du moglegheita til å støtte Hasundgot IL og sikre deg ein flott premie i same slengen.
I loddsalet kan du vinne anten helgeposen frå Kokkn Roll eller marsipankake frå vår kampsponsor Spar Straumane som du kan kose deg med til 17.mai.
For å kjøpe lodd går du inn på Vipps og søker opp Hasundgot IL – Kiosk (eller søke opp nr 12274). Der finn du kategorien «Lodd 17. mai», som du kan legge i handlekurven din. Kvart lodd kostar 10 kroner, og du kan legge til så mange lodd du ønsker.
Fyll ut namn og telefonnummer i kundeinformasjon og gå til handlekurv.
Trekning vert gjort den 16. mai 2020. Lukke til!
Illustrasjonsbilete
Slik ser det ut i Vipps. Klikk på plussteiknet når du er inne i appen for å leggje til fleire lodd.
Du kan laste ned Vipps om du ikkje har dette på telefonen din.