Barnefotball er tema i Sunnmøre fotballkrets sitt trenarforum onsdag 27. mai.
Ettersom fysiske trenarforum har vore ei utfordring dei siste par månadane har Sunnmøre fotballkrets jamleg arrangert digitale trenarforum for å bidra til fagleg påfyll.
Førstkomande onsdag, 27. mai, er det klart for ei ny spanande samling der barnefotball er tema.
Forumet passar for alle trenarar og lagleiarar for lag i aldersklassene 6-12 år.
Agenda
«Barnefotball» med Geir Hansen og Øyvind Dalseth (Onsdag 27. mai kl. 20.30)
- Mål i «spelet» vårt
- Korleis «lykkast» med lag og spelarar i barnefotballen?
- Trenarutvikling i barnefotballen
- Når kan vi begynne å spele fotball igjen?
Påmelding
Du melder deg på ved å sende inn påmeldingsskjema online.
Påmeldinga må vere registrert innan klokka 18.00 på møtedatoen (onsdag 27. mai).
Alle påmelde vil få tilsendt e-post med påloggingsinfo om lag 30 minutter før trenerforumet startar.