17. mai 2021

Digitalt trenarforum: barnefotball

Barnefotball er tema i Sunnmøre fotballkrets sitt trenarforum onsdag 27. mai.

Ettersom fysiske trenarforum har vore ei utfordring dei siste par månadane har Sunnmøre fotballkrets jamleg arrangert digitale trenarforum for å bidra til fagleg påfyll.

Førstkomande onsdag, 27. mai, er det klart for ei ny spanande samling der barnefotball er tema.

Forumet passar for alle trenarar og lagleiarar for lag i aldersklassene 6-12 år.

Agenda

«Barnefotball» med Geir Hansen og Øyvind Dalseth (Onsdag 27. mai kl. 20.30)

  • Mål i «spelet» vårt
  • Korleis «lykkast» med lag og spelarar i barnefotballen?
  • Trenarutvikling i barnefotballen
  • Når kan vi begynne å spele fotball igjen?

Påmelding

Du melder deg på ved å sende inn påmeldingsskjema online.

Påmeldinga må vere registrert innan klokka 18.00 på møtedatoen (onsdag 27. mai).

Alle påmelde vil få tilsendt e-post med påloggingsinfo om lag 30 minutter før trenerforumet startar.