Viktig informasjon om medlems- og treningskontingent for 2020-sesongen.
Det som såg ut til å bli ein heilt ordinær fotballsesong i februar, ser ut til å bli eit veldig annleis fotballår. Fotball-Noreg har vorte prega av stopp i organisert trening.
Samtidig er det viktig å tenke på at det kjem ei tid om ikkje så lenge der vi igjen skal leggje til rette for fotballglede på Hasundgot stadion.
Derfor ønsker vi å formidle følgjande informasjon rundt medlems- og treningsavgift for inneverande sesong.
Medlemskontingent
Medlemmer i Hasundgot IL skal framleis betale medlemskontigent som vanleg. Medlemskontingenten er obligatorisk for alle aktive i klubben og dekker t.d. forsikring i Idrettforbundet (dette gjeld i år også for eigentrening for dei yngste).
I tillegg dannar medlemskontingenten grunnlaget for hovudstøtte fra Idrettsforbundet. Dette betyr at klubben får økonomisk støtte ut ifrå talet på medlemmer under 25 år.
Pris for medlemskontingen er 300,- for born, 300,- for vaksen og 600,- for familie.
Her kan du betale medlemskontingent til Hasundgot IL.
Treningsavgift
Mange lag fekk så vidt, om i det heile tatt, begynt å trene utandørs før stadion vart stengd. Stadion vart opna for aktivitet i mindre grupper frå 2. april.
Inntil vidare er ALL fotballaktivitet i regi av NFF avlyst til og med 30. april. Om dette vil verte forlenga, er vanskeleg å spå.
Hasundgot IL synest derfor det er urimeleg å pålegge våre medlemmer å betale treningskontingent, når de likevel ikkje får nytta fasilitetane på Hasundgot stadion fullt ut.
Hovudstyret har derfor vald å utsetje denne kontingenten inntil vidare, og kome attende med meir informasjon rundt dette når fotballaktiviteten tek seg opp att.