Oppstart av fotballaktivitet

Fotballstyret oppmodar lag til å starte opp att treningar.

Til alle lagleiarar i Hasundgot IL:

Fotballgruppa oppmodar alle våre lag, som ikkje har starta treningar allereie, til å starte opp att med aktivitet. Dette naturlegvis i samsvar med regelverket frå NFF om trygg gjennomføring av fotballtrening i koronasituasjonen.

Oppslag på koronavettreglar er hengt opp rundt om på stadion, i tillegg til at du finn dette nedst i denne nettsaka.

Detaljar om koronavettreglar og retningsliner frå Noregs fotballforbund finn du på NFF si heimeside.

Om du ønsker tips til øvingar som ikkje krev nærkamp og fysisk kontakt, kan du finne tips på Sunnmøre Fotballkrets sin YouTube-kanal.

Kvar lagleiar vert beden om å gjere følgjande ved oppstart av aktivitet:

NB: Husstandar som har 2 eller fleire medlemmer vert oppmoda til å registrere alle medlemskap samtidig, slik at ein får familierabatt. Familiemedlemskap har ein makspris på kr 600,- og er dermed rimelegare dess fleire som er registrert på familiemedlemskapet. Ved betaling av medlemskap vil du automatisk få familierabatt når du kjøper 3 eller fleire meldemskap.

Alle aktive medlemer skal betale medlemskap. I tillegg er støttemedlemer veldig velkomne. Hasundgot får økonomisk støtte frå Fotballforbundet basert på talet på medlemmer, så dess fleire jo betre!

Her kan du lese meir om medlemskontingent i Hasundgot IL.