Sætre gir seg i Hasundgot

Nye og spanande utfordringar ventar for sandssokningen.

Hasundgot sin sportslege leiar, Preben Sætre, har takka ja til ei spanande stilling i Sparebanken Møre.

30-åringen har dermed også sagt opp stillinga si i Hasundgot IL. I tillegg til å vere sportsleg leiar har backen også hatt ansvaret for Hasundgot sitt damelag.

– Eg vil gjerne takke Hasundgot for moglegheita eg fekk og alle dei kjekke folka eg fekk møte i perioda eg var i klubben. Hasundgot er ein fin klubb med stort potensiale og eit godt miljø med mange gode fotballspelarar! Det er berre å jobbe knallhardt vidare, så vil klubben ta enda eit steg i rett retning, seier Sætre, og ønsker samtidig alle lag lykke til med sesongen når den etter kvart begynner å rulle igjen.

Klubben synest det er leit å miste ein så god ressurs som Sætre, som har kombinert rollene sine i tillegg til å spele sjølv for IL Hødd, men vi ønsker han sjølvsagt masse lukke til med ein spanande jobb hos vår hovudsponsor.

Takk for no, Preben!