Hasundgot arrangerer fotballskule i sommar for barn 7-13 år.
For å gi unge og lovande fotballspelarar eit godt sportsleg utbytte i sommar, arrangerer Hasundgot IL fotballskule for born i alderen 7-13 år.
På fotballskulen vil du mellom anna få øvd på avslutningsteknikk, korte og lange pasningar og heading.
I tillegg vert det ein sekvens med temaet «Korleis gjennomfører vi kampen».
Det vil verte eit eige opplegg for keeperpar også.
Etter lunsj deler vi i jambyrdige lag og arrangerer turnering.
Det blir servert frukt i lunsjen, men vi oppmodar alle deltakarane å ta med eigen matpakke.
Pris: 400,- per deltakar, og maks 600,- per familie.
(Alle barn skal ha like moglegheiter. Om du ikkje klarer å betale deltakaravgifta, sender du e-post til fotball@hasundgot.no)
Praktisk informasjon
Fotballskulen vil gå føre seg frå kl. 10.00 – 14.00 kvar dag. Program:
Kl. 10.00 – oppmøte ( inndeling av deltakarar)
Kl. 10.00 – 11.30 Trening/ aktivitet
Kl. 11.30-12.30 Lunsj
Kl. 12-30-13.45 Trening/aktivitet
Kl. 14.00: Slutt
OBS: Alle må ha med fotballsko, leggskinn, drikkeflaske og klede etter vêret. Hugs matpakke!
Påmelding
Du kan melde deg på Hasundgot sin fotballskule digitalt via SuperInvite.
Påmeldingsfrist er fredag 10. juli.
Har du spørsmål, ta kontakt med leiar i Hasundgot sitt fotballstyre per e-post: fotball@hasundgot.no.