3. august 2021

Ungdomsfotball: kampoppsett hausten 2020

Slik blir haustens kampar avvikla for lag 13-19 år.

Etter planen skal barne- og ungdomsfotballen få lov å spele kampar igjen frå 1. august.

I det høvet har Sunnmøre fotballkrets no publisert kampoppsett for haustens seriekampar i aldersklassene mellom 13-19 år.

For Hasundgot sin del gjeld dette G13, G16, G19, J13 og J15.

Trenarar og lagleiarar vert oppmoda til å sjekke terminlista og gi tilbakemelding til fotballkretsen om nokre av kampane kolliderer med anti-lag – eller av andre grunnar ikkje kan avviklast.

Du kan lese meir på Fotballkretsen si heimeside.