Spelarar må ta obligatorisk koronakurs

Alle spelarar frå 13 år må gjennomføre kurs i smittevern før seriestart.

Det stadfestar direktør i NFF si utviklingsavdeling på fotballforbundet si heimeside.

Dette vil bli gjennomført som eit digitalt kurs som er delt inn i to delar: ein læringsdel og ein quizdel med fem spørsmål.

Kurset er obligatoriske for alle spelarar frå 13 år og oppover og for å få løyve til å spele organisert fotball i Hasundgot IL, må ein ha svart rett på alle spørsmåla i kurset.

Spelarar i aldersklassen 13-19 år må ha fullført kurset i løpet av august, medan seniorspelarar (20 år og eldre) må ha gjennomført kurset før seriekampane tek til igjen.

Korleis ta kurset?

Når kursa er klare, må ein sjølv logge seg inn via Min Idrett for å gjennomføre kurset.

Fotballforbundet reknar med at kurset vil ta om lag 15 minutt å gjennomføre for deltakarane.

Spelarar som ikkje har fullført kurset, vil ikkje kunne spele kampar for Hasundgot IL.

Meir informasjon om kurset vil bli sendt til trenarar og lagleiarar så snart kursa er klare.