To målrike kampar så langt i haust for vårt G13-lag.
Tidlegare denne veka reiste Hasundgot sitt G13-lag over fjorden for å bryne seg mot Emblem på utebane. Sjølv om laget er meldt på som 5ar-lag i haust, vart det gjort avtale om å spele 7ar – med berre sju spelarar i troppen!
For at G13 skal kunne klare å spele 7’ar har laget vore avhengig av å låne spelara frå andre lag. Mellom anna har tre jenter frå J13 fått debutert på laget til gutane. Keeper har laget lånt frå G11.
Kampen mot Emblem starta på ei ekstremt liten 7’ar bane, der det var trangt om plassen og gutane, og jentene, var ikkje heilt komfortable i oppgjeret.
At det var lite rom å spele på gjorde at presise pasningar og bevegelse vart ekstremt viktig i kampen.
Laget kjempa godt og skapte mange målsjanser, deriblant fleire stolpeskot.
I andre omgang flytta vi oss over til ei «normal» 7’ar bane, noko laget trivdes mykje betre med. Vi spelte oss opp i andre omgang og skapte mykje på Emblem sin banehalvdel og framfor mål.
– Til tross for eit knipent 9-7 tap seier vi oss godt nøgde med kampen og innsatsen til spelarane. Det var eit godt lag vi møtte, seier lagleiar Gry Antonsen.
Måla i kampen vart scora av Olav (3), Martinus (3) og Magne (1).
Heimekamp mot Blindheim
Fyrste seriekamp denne hausten vart spelt på heimebane mot Blindheim.
Gutane viste gode takter i dette oppgjeret, med mykje bra pasningsspel og gode overgangar. Laget kom til fleire gode målsjansar i løpet av kampen.
Martinus scora det fyrste målet, medan mål nummer to kom etter flott veggspel mellom Elida og Hedda, der sistnevnte fekk æra av å sette ballen i mål.
Ein tett kamp som kunne ha gått begge vegar, men Blindheim trekte det lengste strået og kunne reise heim med siger 4-2.
Torsdag reiser gutane til Hundeidvika for å spele bortekamp mot Sykkylven.
Ref. lagleiar Gry Antonsen